Elastic Rock

Elastic Rock
Studioalbum av Nucleus
Utgjeve Mars 1970
Innspelt 12–21. januar 1970
Studio Trident Studios, London
Sjanger Kunstrock, jazzfusion
Lengd 40:46
Selskap Vertigo
2007 Remaster: Universal Records
Produsent Peter King
Nucleus-kronologi 
Elastic Rock We'll Talk About It Later
(1970)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars[1]

Elastic Rock er debutalbumet til den britiske jazzfusiongruppa Nucleus, gjeve ut i mars 1970. Det vart spelt inn i januar 1970 og var eit nybrottsarbeid innan den gryande sjangeren jazzrock. Bandleiaren Ian Carr (seinare jazzjournalist og Miles Davis-ekspert) var truleg inspirert av at Davis «gjekk elektrisk» i 1969, men det viktige albumet Bitches Brew hadde ikkje kome ut enno då Elastic Rock vart spelt inn, og i følgje Carr, hadde dei ikkje enno høyrt det mindre rockeprega og elektriske Davis-albumet In a Silent Way frå 1969.[2]

I juli 1970 spelte gruppa komposisjonar frå albumet på Montreux Jazz Festival, og vann førsteprisen. Dei spelte så både på Newport Jazz Festival og på jazzklubben Village Gate.[2]

  1. Allmusic review
  2. 2,0 2,1 Kelman, John (19. oktober 2004). «Ian Carr and Nucleus: '70s British Jazz Rock Progenitors». All About Jazz. 

© MMXXIII Rich X Search. We shall prevail. All rights reserved. Rich X Search